Hopp til innhold

Over 700 dømde til fengsel etter opptøyane i Frankrike

Over 700 menneske er dømde til fengsel etter førre månads opptøyar i Frankrike, opplyser justisminister Eric Dupond-Moretti.

Ifølgje Dupond-Moretti er det avsagt 1.278 dommar i samband med opptøyane, og over 95 prosent av dei domfelte vart funne skuldige i angrep på politifolk eller vandalisme.

700 er dømde til fengsel, og 600 har alt starta soninga.

– Det var ekstremt viktig å svare fast og systematisk på dette. Det var avgjerande å gjenopprette orden, seier Dupond-Moretti til radiostasjonen RTL.

Opptøyane braut ut etter at ein 17 år gammal gut med nordafrikansk opphav vart skoten og drepen av politiet ved ein vegkontroll vest for Paris. Hendinga vart filma av ein forbipasserande.

Først etter fire netter med opptøyar og harde samanstøytar fekk rundt 45.000 politifolk kontroll over situasjonen.

Gjennomsnittsalderen på dei 3400 som vart arresterte, var 17 år.

(NPK)

France Police riots.
Foto: Aurelien Morissard / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no