Opposisjonen i Tunisia godtek ikkje forhandlingskrava
I Tunisia seier opposisjonen at dei ikkje godtek krava som islamistane har kome med for å få ein slutt på den politiske krisa i landet. Årsaken til forhandlingsbrotet skal vere at regjeringa ikkje vil trekke seg, og at opposisjonen difor meiner det ikkje er noko poeng å halde fram samtalane.
Partane har vore i samtaler dei siste dagane for å diskutere mellom anna eit nyval i landet. Den sekulære opposisjonen har sett seg leie på den islamistiske regjeringa i landet.