Hopp til innhold

OECD trur på låg vekst i verdsøkonomien

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) nedjusterte onsdag prognosen for global vekst i år til 2,9 prosent. I september trudde dei veksten ville bli 3 prosent.

Dei trur også at den globale veksten vil halde fram å krympe til 2,7 prosent neste år. Det er uendra frå førre prognose, men den lågaste veksten sidan finanskrisa, om ein ser bort frå første året med pandemi.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no