Hopp til innhold

Nytt system for naudvarsling etablert

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier til NRK at regjeringa no har etablert eit nytt system for naudvarsling til befolkninga.

Varslingssystemet fungerer på den måten at ein kan senda direkte varsel til alle mobiltelefonar som er i eit bestemt område.

– Dette er eit viktig verktøy for styresmaktene til å nå raskt ut med informasjon om det til dømes er fare eller andre viktige beskjedar, seier justisministeren.

Det skal gjennomførast testing av systemet denne veka. Frå februar skal det vera fullt ut operativt for både Android- og Apple-telefonar. Mehl seier at systemet også skal fungera sjølv om eitt av mobilnetta skulle vera nede.

Varslingssystemet skal ikkje erstatta flyalarmane, men koma i tillegg.

Emilie Enger Mehl
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no