Ny masse-bortføring
Væpna menn i sentrale Nigeria har kidnappa rundt 150 menneske i den førebels siste massebortføringa i landet, sa tenestemenn til AFP måndag.
Angriparar på motorsyklar storma landsbyen Kuchi i delstaten Niger fredag kveld, der dei drap åtte menneske og «bortførte rundt 150 landsbybuarar», sa den lokale leiaren Aminu Najume.
(AFP)