Hopp til innhold

Ny lov skal beskytta kvinner mot vald - valdtekt ikkje på lista

EU-parlamentet har vedteke ein lovpakke som skal bekjempa vald mot kvinner.

Pakken inneheld fleire formar for kjønnsbasert vald, som kjønnslemlestelse og tvangsektskap. Men fleire har reagert på at ikkje valdtekt står på lista.

– Eg kan ikkje seia ja til dette. Me har kasta vekk ein enorm moglegheit, sa den italienske EU-parlamentarikeren Pina Picierno, ifølge NTB.

Eit fleirtal ynskja at sex utan samtykke skulle inngå i lovpakken, som ville gjort det ulovleg i alle EU-land. Ifølge NTB var det land som Frankrike, Tyskland og Ungard som satte seg på bakbeina.

Kompromisset vart derfor tiltak for å forhindra valdtekt.

– Kvart sjuande minutt skjer ei valdtekt i EU. Færre enn 1 prosent blir straffa. Eg kan ikkje uttrykka sterkt nok kor sint eg er, sa franske Manon Aubry frå partigruppa The Left.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no