NVE: - Kan kome skred etter "Roar"
Flaumtoppen er nådd, men no fryktar NVE at det kan kome jordskred etter den veldige nedbøren og vinden som har herja Trøndelag dei siste dagane. Difor vil NVE halde fram med høg beredskap i områda der flaumen har vore. Det er venta at vinden vil auke utover laurdag.