Hopp til innhold

NORWAC-teamet kom seg ikkje ut av Gaza i dag

Erik Fosse, ein av NORWAC-legane, seier dei ikkje fekk til å reise ut av Gaza i dag.

– I kveld fekk vi beskjed om at den israelske hæren ikkje kunne gi koordinering til WHO-transportar i dag.

Dette seier han er fordi at området rundt sjukehuset er ei krigssone, og at Israel sikkert ikkje kan garantere tryggleiken på vegen vidare.

– Vi ventar difor her, og prøver igjen om 4–5 dagar.

Dette NORWAC-teamet har no vore i Gaza i to veker og har arbeidd på Gaza European Hospital. Han merker dei harde kampane godt.

– Vi høyrer skyting rundt sjukehuset heile tida, og får inn ganske mange skada, og vi utfører rundt 20–30 operasjonar kvar dag, legg han til.

Fosse seier til NRK at mange av dei som har søkt tilflukt på sjukehuset har flykta derfrå.

Erik Fosse fra Norwac i Gaza
Foto: NORWAC

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no