Hopp til innhold

Norsk Tipping overførte 25 millioner kroner ved ein feil

Ein spelar fekk overført 25 millioner kroner etter å ha vunne på eit nettkasino hos Norsk Tipping, noko som er ein ulovleg stor sum i Noreg, skriv VG.

Nå krev Lotteritilsynet svar, opplyser dei til avisa.

Spelaren skjønte sjølv at det måtte ha oppstått ein feil, ettersom ein berre kunne vinna 100.000 kroner, noko som er nedfelt i norsk lov, skriv VG.

Norsk Tipping stadfestar overfor avisa at spelaren likevel fekk overført 25 millionar, og seier det er skylda ein feil hos ein underleverandør.

Den aktuelle spelaren overførte heile pengesummen tilbake på eige intiativ.

– Kunden tok sjølv kontakt med oss fordi han skjønte at dette var ein feil premie, fortel leiar for speloperasjon i Norsk Tipping, Hans Erland Ringsvold til VG.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no