Hopp til innhold

Morten Hegseth trekk seg som programleiar i «Love Island»

Det skriv han sjølv på sin eigen Instagram-profil. Han skriv at årsaka er samansett.

– Fellesnemnaren er at det har blitt for mykje, og nå skal eg bruka tid på å roa ned og ta gode val. Dette er eitt av dei, skriv Hegseth i eit innlegg.

Artisten Alexandra Joner har takka ja til å ta over jobben på kort varsel, seier programdirektør i TV 2 Trygve Rønningen til TV 2.

– Me har eit langsiktig samarbeid med Morten og meiner det er klokt at han tar vare på seg sjølv og nå tar tak i utfordringane han forteller om, seier Rønningen til kanalen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no