Hopp til innhold

Møbelkjede må betale 275.000 kroner i gebyr

Møbel- og interiørkjeda Home and Cottage har fått ei bot på 275.000 kroner for brot på regelverket som skal hindre ulovleg handel med tømmer og treprodukt.

Det skjer etter fleire tilsyn og brot på regelverket, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Mest alvorleg er at kjeda ikkje har gode nok interne kontrollsystem for å sikre at treprodukta dei sel ikkje stammar frå ulovleg hogst.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no