Mistenkeleg dødsfall i Hamar
Politiet etterforskar eit mistenkeleg dødsfall etter at ei kvinne i 60-åra vart funnen død på ein veg i Hjellum i Hamar kommune søndag morgon. Politiet er på staden og skal gjere undersøkingar. Dei vil førbels ikkje sei om kvinna vart påkøyrd.