Hopp til innhold

Masseslagsmål på Nøtterøy – ein til sjukehus

Politiet er på Teie på Nøtterøy etter melding om at rundt tjue ungdommar slost ved badeplassen Rosanes. Ein gut i tenåra med kuttskadar er køyrt til sjukehus for sjekk, skriv politiet på Twitter.

Politiet har beslaglagt ein lommekniv og eit knokejern så langt. Det skal også ha blitt brukt ei knust flaske.

15 ungdommar på staden blir visitert for våpen.

– Vi har kontroll på staden no, det er mange ungdommar der. Vi skal gjere litt undersøkingar og snakke med vitne, seier operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud i Sør-Aust politidistrikt.

Politiet utelukkar ikkje at fleire kan bli arrestert. Dei veit ikkje kva som er bakgrunnen for masseslagsmålet.

Masseslagsmål Tønsberg
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no