Hopp til innhold

Mannen som blei skoten er svensk

Mannen i 30-åra som blei skoten i Moss er svensk og er busett i Sverige.

Mannen blei skoten ved Mossehallen, og det skal ha blitt skote 7-8 skot. Det er usikkert kor mange av desse han blei treft av.

Påtaleansvarleg Kristian Finnanger seier til NRK at politiet har skjerpa grensekontrollen ut av Noreg mot Sverige. Han seier også at dei har vore i kontakt med svensk politi.

Mannen blei frakta til Ullevål sjukehus, og det er ukjent skadegrad.

Politiet jaktar på to gjerningsmenn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no