Hopp til innhold

Mann sett fri i drapssak i Bergen

Ein mann i 30-åra som har vore sikta og avhøyrt om eit drap i Bergen, er sett fri, skriv politiet i ei pressemelding. Politiet meiner det ikkje er grunnlag for å framstille mannen for varetektsfengsling. Grunnen er at mistanken mot han har blitt svekka gjennom etterforskinga som er gjort.

Ein sikta mann i 20-åra har ikkje ønska å la seg avhøyre av politiet torsdag. Han blir framstilt for varetektsfengsling fredag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no