Hopp til innhold

Mann i 30-åra skoten i Moss

Ein mann i 30-åra er skoten ved Mossehallen. Han er blitt frakta til Ullevål sjukehus.

Det skal ha blitt avfyrt 7-8 skot, men det er usikkert kor mange som trefte mannen. Det opplyser jourhavende jurist i Øst politidistrikt Harald Holmsen til NRK.

Det skal vere ein eller fleire væpna gjerningspersonar, og ingen er pågripne.

Politiet seier det verkar som ei målretta handling.

Moss kommune har sett krisestab etter hendinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no