Mann arrestert etter bussangrep i Jerusalem
Israelsk politi har arrestert ein mistenkt etter skytinga mot ein buss i Jerusalem, melder Reuters.
Den mistenkte melde seg inn til poltiiet sjølv søndag, etter at politiet hadde leita etter vedkommande gjennom natta, skriv The Jerusalem Post.
Talet på skadde har auka til åtte, og tilstanden skal vera alvorleg for ei gravid kvinne og ein mann, opplyser israelske sjukehus.
Ifølge USAs ambassadør i Israel Thomas R. Nides, er nokon av dei skadde amerikanarar, skriv The New York Times.
Angrepet skjedde i gamlebyen i Jerusalem natt til søndag.