Machado: – Sikker på at det blir demokrati
María Corina Machado, som i dag blei tildelt Nobels fredspris, seier ho er sikker på at opposisjonen vil vinna fram, og at det blir demokrati i Venezuela.
I eit intervju med Kristian Berg Harpviken frå Nobelinstituttet seier Machado at opposisjonen jobbar hardt for å få til eit demokrati, men at det er ein lang veg att.
Ho seier fredsprisen er ei stor anerkjenning av folket i Venezuela.