Lovforslag: Forbod mot spelreklame

Om kulturminister Abid Raja (V) får det som han vil, blir det forbod for nordmenn om å delta i reklamar for utanlandske spelselskap.

– Dette omfattar også norske kjendisar som har ei ambassadørrolle for utanlandske bettingselskap, bekreftar kulturdepartementet i ein e-post til E24.

Raja kallar lovforslaget, som blei lagt fram fredag, for ein milepæl. Han har sett seg lei av at utanlandske spelselskap ikkje respekterer norsk lov. Raja vil også gi Lotteritilsynet større makt til å sanksjonera brot på lova.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no