Hopp til innhold

Kuttar i kyrkja

Pensjonskostnadene til Den norske kyrkja aukar så kraftig at Kyrkjerådet kuttar 19 administrative stillingar for å spare pengar.

Kyrkjerådet varslar samtidig fleire kutt, skriv Vårt Land.

Fire av dei 19 stillingane skal bort i sekretariatet til Kyrkjerådet innan utgangen av 2024 og like mange neste år. I dag er det vel 100 tilsette i sekretariatet.

Elleve årsverk skal også vekk frå bispedømmerådsadministrasjonen i løpet av 2025. Kutta vart vedtekne då Kyrkjerådet var samla førre veke.

(NTB/NPK)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no