Hopp til innhold

Køyrde på mann i Oslo

  • Snakka saman før påkøyrsle

    Politiet har avhøyrt vitne på Økern i Oslo etter at ein mann døde etter ei påkøyrsle fredag kveld. Det to mennene snakka saman før ulukka skjedde. Det var mannen som køyrde bilen som hamna under den, fortel operasjonsleiar Rune Hekkelstrand. Den andre mannen er no til avhøyr på politistasjonen.

    Mann påkjørt på Økern i Oslo. En bil ligger veltet.
    Foto: FREDRIK HOVE/HOVE MEDIA
  • Mann døydde etter påkøyrsle

    Mannen som vart påkøyrd fredag kveld på Økern i Oslo, er død, melder politiet. Han vart sendt til Ullevål Universitetssjukehus med alvorlege skader, men livet stod ikkje til å redde. Han vart funnen under bilen som køyrde på han. Politiet etterforskar saka.

    Laster Twitter-innhold
  • Alvorleg skadd etter påkøyrsle

    Ein mann er sendt til Ullevål Universitetssjukehus med alvorlege skader fredag kveld, etter at han vart treft av ein bil på Økern i Oslo, melder politiet. Det er førebels uvisst korleis tilstanden til mannen er, og kva som er årsaka til påkøyrsla.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no