Kostar 68 euro å kaste røyk
Paris innfører nye og strengare reglar for å kvitte seg med sigarettsneipar på bakken. No vankar det ei bot på 68 euro for kvar gong ein vert teken for å gjere dette, melder AFP. Det har ikkje vore lov å røyke i bygg, restaurantar og barar sidan 2008 i Frankrike, men 30 prosent av franskmenn røyker kvar dag.