Kontroll på brann i Overhalla
Naudetatane har rykt ut til melding om husbrann i Overhalla i Trøndelag.
Like før klokka 17 meldte brannvesenet at dei har kontroll på brannen.
– Det brenn framleis i andre etasje. Ingen var i huset då naboar melde om brannen, og eigaren er varsla og på veg, seier operasjonsleiar Arnt Harald Aaslund i Trøndelag politidistrikt.
Fylkesveg 7040 er stengd som fylgje av sløkkearbeidet.