Hopp til innhold

Kong Harald besøkte ukrainske flyktningar

Kong Harald og kronprins Haakon besøkte i dag ukrainske flyktningar på UDIs akuttinnkvartering på Helsfyr i Oslo.

Her fekk dei høyre ukrainske born synge den ukrainske nasjonalsongen, møte flyktningar og fekk ei orientering om arbeidet som blir gjort i Noreg for å ta i mot flyktningane.

– Det var veldig rørande. Dei var veldig prega av situasjonen, sa kongen då han møtte pressa etterpå.

På spørsmål om Noreg gjer nok for å hjelpe dei som er i Ukraina, svarte kongen at det er eit vanskeleg spørsmål.

– Gjer vi for mykje blir det verdskrig. Gjer vi for lite blir det hungersnød. Det er om å gjere å finne balansen, sa han.

Kronprins Haakon sa at det var flott at nordmenn stiller opp og viser støtte til Ukraina i denne situasjonen.

– Vi såg døme på det her inne i dag. Vi høyrde direkte frå nokon av dei som er råka og som har kome hit. Då er det fint å sjå at eit heilt apparat av flinke folk stiller opp og tar seg av dette her, og rundt om i heile landet, sa kronprinsen.

Ordføraren i Oslo, Marianne Borgen, og UDI-direktør Frode Forfang var også til stades.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no