Hopp til innhold

Klimafinansiering: – 100 mrd.-mål nådd i år

Målet om 100 milliardar dollar i året til klimafinansiering i fattige land vil bli nådd i løpet av året. Det sa utanriksministeren i Tyskland, Annalena Baerbock på eit klimamøte i Berlin i dag. Industrilanda sitt mål skulle vore nådd for fleire år sidan, men no viser berekningar frå OECD, som er utarbeidde før klimamøtet, at finansieringa vil komme på plass i år.

– Dette er viktig for å få utsleppa ned, men også for betre å kunne hjelpe dei som er hardast råka av klimaendringane. For klimaforhandlingane er det også viktig for tilliten mellom nord og sør, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap), som følgjer møtet, til NRK.

– Eg håpar og trur at dette kan bidra til at no får større merksemd om auka ambisjonar for utsleppsreduksjonar og omstilling av energi - noko vi ikkje lukkasat med i klimaforhandlingane i Egypt, seier Eide.

– Klimafinansiering og anna støtte til utviklingsland er ein sentral del av Parisavtalen. Støtta er viktig for mange utviklingsland dersom dei skal få til ei økonomisk utvikling med låge utslepp, og for at dei skal kunne tilpasse seg eit endra klima.

– Vi veit at 100 milliardar er berre ein liten del av det som er nødvendig. Men det er eit viktig bidrag saman med endringar i finansieringsstraumar i retning av meir klimavennlige investeringar, seier Eide.

Pressemøte onsdag 161122 under COP27 i Sharm el-Sheikh med Espen Barth Eide og Marianne Karlsen
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no