Hopp til innhold

Katt overfløymde rådhus – skadar for millionar

Ein katt var årsaka til at rådhuset i den nederlandske byen Dokkum fekk skadar for fleire millionar, skriv NTB.

Katten blei oppdaga under byggearbeid i rådhuset i fjor, ifølge kringkastaren Omrop Fryslân, skriv NTB. Ingen klarte å fanga katten, og den blei stengd inne i rådhuset medan arbeidet heldt fram.

Etter dette skal katten tilsynelatande ha skrudd opp ei vasskran. Det førte til at vatn byrja å lekke inn i møblar, vegger og gjennom golvet til kjellaren.

Skadane var så omfattande at opninga av rådhuset vart forsinka og dei tilsette måtte jobba frå eit anna bygg.

Rekninga for det heile vart lagt fram torsdag kveld, og var på rundt 325 tusen euro, altså om lag 3,7 millionar kroner.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no