Hopp til innhold

Justisministeren om Baneheia: – Stort erstatningskrav er sjølvsagt

– Eg ser på dette som noregshistorienes største rettsskandale, seier justisminister Emilie Enger Mehl på Nyhetsmorgen fredag.

Forsvararane til Viggo Kristiansen kjem til å fremje krav om ein stor erstatningssum etter at han i går formelt blei frikjent for drapa i Baneheia, etter å ha sona over 20 år i fengsel. Ein eventuell erstatning er naturleg, seier Mehl.

– Eg tenkjer det er naturleg at han får erstatninga så fort som mogleg, og eventuelt at det blir utbetalast noko på førehand om det er nødvendig. Det praktiske rundt dette må vi kome tilbake til.

Det ligg hos Statens sivilrettsforvaltning å behandle erstatningssaka, så Mehl vil ikkje spekulere i beløp.

– Men at det kjem til å bli eit stort erstatningskrav i den saka, det ser eg på som sjølvsagt og det skulle berre mangle.

Emilie Enger Mehl
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no