Israelsk drone skal ha drepe to soldatar i Libanon
Det libanesiske militæret rapporterer om to drepne soldatar og to skadde, etter at ein israelsk drone skal ha eksplodert over Ras al-Naqoura sør i Libanon, melder AFP.
Dronen skal ha krasja og seinare eksplodert, i det soldatane undersøkte han, melder nyheitsbyrået Reuters.
Israel har foreløpig ikkje kommentert eksplosjonen.