Hopp til innhold

IS hevdar dei står bak bombeåtak i Filippinane

Minst fire personar mista livet i eit bombeåtak under ei katolsk messe i Marawi, sør i Filippinane. Omtrent 50 personar er skadde, opplyser myndigheitene.

Fleire nyheitsbyrå melder om at Den islamske staten (IS) har teke på seg ansvaret for åtaket.

– Soldatane detonerte ei bombe under ei samling av kristne i byen Marawi, skreiv den jihadistiske gruppa på Telegram.

Politiet seier dei etterforskar m det var ein improvisert sprengladning eller ein granat som førte til eksplosjonen.

Messa fann stad på eit universitet i byen Marawi som vart omringa av islamistiske grupper i 2017.

Åtaket kan ha noko å gjera med at militæret den siste tida har gjennomført «operasjonar» retta mot islamistiske grupper i byen, ifølgje AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no