Hopp til innhold

Innfører ikkje lønnsstøtte-ordning

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har i ettermiddag møtt med partane i arbeidslivet. Han seier han har fått gode forslag frå partane, men vil ikkje innfri ønsket deira om ei lønnsstøtte-ordning.

– For eit døgn sidan innførte vi kraftige tiltak for å halde folk i jobb og for å halde økonomien oppe, men vi vil fortløpande vurdere om det er behov for ytterlegare tiltak, seier Vestre til NRK.

Tysdag kunngjorde regjeringa at den kommunale kompensasjonsordninga mellom anna skal styrkast med ein milliard kroner.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier ho godt kunne tenkt seg tydelegare signal om lønnsstøtte frå statsråden.

– Vi veit at det er mange arbeidsgjevarar som trykker på permitteringsvarsel-knappen. Det vil føre til stor usikkerheit for dei tilsette som mottar det rett oppimot jula, seier Følsvik.

NHO meiner det hastar å innføre fleire tiltak. Også Virke meiner lønnsstøtte er det viktigaste tiltaket no.

– Det vil vere eit verktøy som kan hjelpe bedriftene til å halde folk i jobb, i staden for å permittere dei, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no