Humorregissør Helge Lyngstad er død
Helge Lyngstad døydde natt til fredag, opplyser underhaldningsredaktør i NRK, Charlo Halvorsen. Lyngstad blei 66 år gamal.
– Helge var ein som drog norsk TV-humor eit langt skritt vidare. Som regissør var han opptatt av å vareta humoren og latteren, ikkje nødvendigvis det estetiske, seier Halvorsen
Lyngstad stod bak fleire av NRK sine største humor-suksessar. På 80- og 90-talet regisserte han serien KLM, med humortrioen Trond Kirkvaag, Knut Lystad og Lars Mjøen.
– Han hjelpte ein heil generasjon komikarar til å vere så morosame som mogleg på TV, utan å ta mykje plass sjølv, seier Halvorsen.