Hopp til innhold

Høgre krev ekstern gransking av eldreomsorga i Oslo

På bakgrunn av avsløringane som har kome fram om helsehus, heimetenester og sjukeheimar meiner Høgre det er behov for ei ekstern gransking av heile eldreomsorga.
– Det som har kome fram om eldreomsorga er så alvorleg at vi tenker det er behov for ei ekstern gjennomgang av heile eldreomsorga i Oslo. Vi er nøydde til å gjere dette betre, fortel gruppeleiar Eirik Lae Solberg til NRK.

På spørsmål om kva granskinga vil innebere svarar Lae Solberg følgande:

– Det betyr at Oslo kommune må hente kompetansen utanfrå for å gjennomgå eldreomsorga vår, og sjå kva som ikkje fungerer og korleis det kan bli betre.

– Det er heilt klart at auka kompetanse og betre organisering er avgjerande delar av ein slik gjennomgang, legg han til.

Eirik Lae Solberg
Foto: Ahmad Dean / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no