Hopp til innhold

Harvey Weinstein dømt igjen for overgrep

Det melder Reuters.

Tidlegare i år måtte Harvey Weinstein igjen møte i retten.

Weinstein blei dømd til 23 år i fengsel for valdtekt og overgrep i 2020, men dommen blei sett til side i fjor på grunn av saksbehandlingsfeil.

Då Weinstein måtte møte i retten i vår var han tiltalt for valdtekt og seksuelle overgrep mot tre kvinner.

Idag blei Weinstein funnen skyldig i overgrep i eitt tiltalepunkt. På eitt av dei andre er Weinstein frifunnen.

Det er enda eitt tiltalepunkt som ikkje er avgjord av juryen, skriv fleire medium.

Weinstein sjølv har nekta straffskuld.

Tidlegare har Weinstein blitt dømt til 16 års fengsel for valdtekt av ei kvinne i California.

Weinstein var ein av dei mest kjente og innflytelsesrike filmprodusentane i Hollywood heilt til valdtekt-skuldingane mot han blei kjente under Metoo-rørsla.

OPPDATERT Weinstein 16:9 utan logo

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no