Hardt ut mot DNB-nødnummer for dyr
Veterinærforeininga meiner DNB berre er opptekne av å selje forsikringar med sitt forslag om eit nødnummer for dyr. Dei viser til at det allereie finst eit døgnope kommunalt vaktsystem for å hjelpe dyr i naud og ber selskapet trekke kampanjen.