Hopp til innhold

Grunnstøytingar i Gaza

USA si brygge i Gaza er råka av uvêr. Fire fartøy som blei brukte til å levere naudhjelp via brygga, har gått på grunn, opplyser det amerikanske forsvaret.

Ingen personskadar er rapporterte i samband med hendinga.

Fleire hundre amerikanske soldatar brukte to månader på å etablere eit mellombels bryggeanlegg for å frakte nødhjelp inn til Gazastripa mens krigen rasar.

Den palestinske befolkninga er trua av hungersnaud, men svært lite naudhjelp kjem inn til Gaza, ifølge FN på grunn av at Israel set store avgrensingar på kva som slepp inn via landevegen.

FN og andre hjelpeorganisasjonar har påpeika at det ikkje er mogleg å frakte tilstrekkeleg hjelp inn sjøvegen.

(NTB)

Amerikanske grunnstøtinger på strand i Gaza.
Foto: AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no