Hopp til innhold

Gresk domstol har lagt vekk saka om skipsforliset i Hellas

Ni egyptiske menn møtte i dag i retten i Hellas.

Det var sommaren 2023 at over 700 flyktningar frå Pakistan, Syria og Egypt mista livet då ein fiskebåt forliste utanfor Hellas.

Dette er ei av dei mest dødelege båtulykkene i Middelhavet nokon gong.

Nyheitsbyrået Reuters skriv at saka mot dei ni mennene er lagt vekk på grunn av manglande jurisdiksjon fordi hendinga skjedde i internasjonalt farvatn.

Dei egyptiske mennene som er sikta i saka blei arresterte berre timar etter at båten gjekk ned. Dei var sikta for menneskesmugling, og å ha tatt del i ein kriminell organisasjon og skyld i at skipet forliste.

Båt med opp til 700 flyktninger sank utenfor Hellas
Foto: Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no