Hopp til innhold

Gjekk til angrep på hus

Kring 20 personar knuste ruter og forsøkte å ta seg inn i ein bustad på Stovner i Oslo natt til sundag. Det skriv NTB. Angrepet var retta mot eit bustadhus i ein villaveg i bydelen. Dei tre som var i huset ringde politiets naudnummer klokka 01.30.

- Dei sa at fleire av angriparane hadde med seg kniv. Då me kom til staden hadde alle stukke av i til saman seks bilar. Dei kom seg ikkje inn i bustaden, men knuste fleire vindauge, fortel operasjonsleiar i politiet Gjermund Stokkli sundag morgon.

Han legg til at politiet har ein aning om kven dei involverte kan vere.

- Ein eller fleire av angriparane hadde truleg noko uoppgjort med nokon som oppheldt seg inne i huset, legg Stokkli til.

Eit grått hus med røde og kvite blendarar.
Foto: Vilde Brandtzæg Clausen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no