Hopp til innhold

Går ut med namn på omkomen frå dødsulykke i Telemark

Det var 66 år gamle Bente Åse Søfteland frå Oppegård som blei funnen død i ei hytte i Tinn kommune i går.

Politiet etterforskar omstenda rundt dødsfallet, men mistenker ikkje at det ligg noko kriminelt bak hendinga, skriv politiet i ei pressemelding.

Ektefellen blei transportert til Oslo universitetssjukehus og er under medisinsk behandling.

Politiet skreiv i går at dei mistenker at dødsfallet skuldast ein gasslekkasje.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no