Hopp til innhold

Frp, Høgre, MDG og SV sakner konkrete tiltak for å nå det nye klimamålet

Regjeringa auka i dag Noregs klimamål til 55 prosent utsleppskutt innan 2030, frå tidlegare 50 til 55 prosent.

Frp meiner regjeringa si oppjustering av dei norske klimamåla vitner om manglande verkelegheitsforståing, seier klimapolitisk talsperson Marius Arion Nilsen.

Han meiner Noreg må stilla strengare krav til dei mest folkerike landa i verda.

– Det verkar som at regjeringa er mest opptatt av å framstå som flinkast i klassen for å skryta av andre land, enn å støtta tiltak som faktisk verkar, seier Nilsen.

Høgres klimapolitiske talsperson Nikolai Astrup meiner at det hjelp lite å setta høgare klimamål utan å koma med konkrete tiltak som kutter utslepp.

– Det grøne skiftet krev store mengder fornybar energi. Her har regjeringa så langt skuffa stort. Dei forslåtte skatteendringane har så langt bidrege til at nye kraftprosjekt er lagt på is.

– Klimakrisen er her nå. Då må me ha ei regjering som spelar på lag med industrien og næringslivet, seier Astrup.

Fungerande partileiar i MDG Arild Hermstad seier han er glad for at regjeringa melder inn eit høgare mål til FN, men meiner Noreg nå treng mål som blir følgt opp i reell politikk.

– Skal Norge ha et fnugg av troverdighet på COP27 og få mulighet til å påvirke, bør de gå ut med at de vil skrinlegge oljefeltet Wisting sporenstraks. Det holder ikke med høyere mål, når politikken i praksis ikke kutter i nærheten av dette, sier Hermstad.

Lars Haltbrekken (SV) seier at det er ei motivasjon i dei kommande budsjettforhandlingane, men at regjeringa må sørga for å føra ein politikk som gjer at me når måla.

– Dessverre har regjeringa lagt fram eit forslag til statsbudsjett som verken når dei gamle eller dei nye måla. Me styrer mot økte klimagassutslepp i Noreg nå, og treng både mål og ein plan for å nå målet, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no