Hopp til innhold

Frp vil ikkje svara på LO-spørsmål

Frp er det einaste partiet som ikkje vil svara på LO sine spørsmål før valet i haust.

LO har som tidlegare år stilt partia spørsmål om kva dei meiner om sakene som er trekte fram av LO-medlemmane som dei viktigaste i valet. Frp ville ikkje svara på spørsmåla i år, skriv Aftenposten.

«Vi registrerer at LO ber om svar på en lang rekke spørsmål. Det synes som om LO ikke ønsker en åpen politisk dialog, men heller vil være et kampanjeapparat for Arbeiderpartiet», skriv Listhaug i svaret sitt.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik synest det er spesielt at Frp ikkje svarar. Ho kallar det sprekt av dei andre partia, særleg Høgre, som svarar, sjølv om dei ikke er einige i det LO meiner.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no