Hopp til innhold

Forbrukarrådet og Datatilsynet skeptiske til alderssjekk i sosiale medium

Regjeringa har varsla at dei ser på korleis ei eventuell aldersgrense for sosiale medium kan handhevast.

Ei moglegheit er aldersverifisering via Bank-ID, men verken Forbrukarrådet eller Datatilsynet er begeistra for den løysinga, skriv Klassekampen.

– Eg har ingen problem med å forstå at politikarane leitar i verktøykassa etter verkemiddel for å gjere det tryggare på nett for barn og unge. Men aldersverifisering er eit såpass inngripande tiltak at vi ikkje utan vidare kan støtte det, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket.

Sosiale medier, hentet fra NTB.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no