Hopp til innhold

FN-sjefen utnemner uavhengig gruppe til å granske UNRWA

Det melder Reuters.

Med den franske utanriksministeren Catherine Colonna i spissen, skal ei uavhengig gruppe som er utnemnt av FN-sjefen António Guterres hjelpe UNRWA å granske organisasjonen.

Chr. Michelsens Institutt i Bergen er blant institusjonane som skal bidra i granskinga, melder FN i ei pressemelding.

Tilsette i UNRWA har blitt skulda for å ha tatt del i terroråtaket 7. oktober. Denne saka blir granska parallelt med den nye granskinga.

UNRWA har sjølv sagt at det var 12 tilsette som tok del i åtaket. Dei skal vere sagt opp i organisasjonen.

Ifølge Wall Street Journal skal det vere opp mot 1200 tilsette som har tette band med Hamas eller Palestinsk Islamsk Jihad.

16 land har trekt støtta til FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) etter skuldingane. Det skal vere snakk om 440 millionar amerikanske dollar, som svarar til 4,6 milliardar norske kroner.

UNRWA er den største hjelpeorganisasjonen og arbeidsplassen på Gazastripa.

Belgium NATO
Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no