Hopp til innhold

Fleire unge menn røyker av og til

Talet på unge vaksne menn som seier dei av og til røyker har aldri vore høgare, viser tal frå Folkehelseinstituttet. FHI har kartlagt nordmenns røykevanar kvart år sidan 1973. Sjølv om nesten ingen i aldersgruppa 16–24 rapporterer at dei røyker dagleg, sa 19 prosent av unge vaksne menn i fjor at dei røyker av og til. Det er det høgaste som er målt.

– Det er nærliggande å tru at denne fordelinga i ei viss grad reflekterer at av og til-røyking blir rekna som meir akseptabelt enn daglegrøyking, seier forskar ved FHI, Tord Finne Vedøy, i ei pressemelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no