Hopp til innhold

Fleire land gransker utenlandsadopsjonar

Fleire land, blant anna Sverige og Danmark, har sett i gang granskingar av adopsjonar frå utlandet fordi ein fryktar at barna har blitt stolne frå foreldre eller kjøpt av kriminelle.

Nederland stoppa ein periode all adopsjon frå andre land, etter ein rapport som avdekte overgrep og korrupsjon. Men i april 2022 starta dei igjen opp med internasjonale adopsjonar.

Barne og familieminister Kjersti Toppe seier til NRK at spørsmålet om gransking har vore på dagsorden etter rapporten frå Nederland. Bufdir har fått i oppdrag å vurdere om det er behovet for ein gjennomgang av adopsjonssystemet.

– Granskingar i land som står oss nære, som Danmark og Sveits, har avdekt uregelmessigheiter og i nokre tilfelle straffbare handlingar knytt til adopsjonar. Dette er eit tema eg tar på stort alvor, seier Toppe. Ho er open for at det kan vere behov for gransking i Noreg også.

Bufdir opplyser at dei per i dag har ingen indikasjonar på at det har skjedd ulovligheter i gjennomføringa av adopsjonar til Noreg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no