Hopp til innhold

Fleire drepne i russiske angrep i Kharkiv

Minst fire personar er drepne og åtte skadde i eit russisk angrep i Kharkiv-regionen, ifølge lokale styresmakter, melder Reuters.

På same tid hevdar Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj at dei ukrainske styrkane har framgang med å slå tilbake det russiske angrepet i regionen. Men dette er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Den ukrainske marinen hevdar også at dei har øydelagt ein russisk minesveipar i Svartehavet laurdag, ifølge Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no