Fire veker i varetekt for drapssikta 30-åring
Mannen i 30-åra som er sikta for drapet på Grønland i Oslo natt til søndag, er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.
Mannen samtykka til varetektsfengsling. Difor gjekk møtet som såkalla kontorforretning. Men han har ikkje sagt noko om korleis han stiller seg til siktinga.
Også ein mann i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker for å ha medverka til drapet. Han nektar straffskuld.
Begge er underlagt medieforbod i to veker.