Hopp til innhold

Fire personar til sjukehus etter ulykke i Bergen

Fire personar er frakta til sjukehus etter at ein bil køyrde i ein fjellvegg langs Flaktveitvegen i Bergen natt til søndag. Alle var bevisste etter ulykka, melder Vest politidistrikt. Det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand.

Naudetatane fekk melding om ulykka i 03:30-tida.

Det blei store materielle skader på bilen. Vegen var stengd i fleire timar etter ulykka på grunn av åstadundersøkingar.

Vakthavande jurist Laila Skeide seier at sjåføren er sikta etter paragraf 3 i vegtrafikklova som handla om aktløyse.

– Det er ingen dramatikk i det. No får vi sjå kva etterforskinga vidare viser, seier ho.

Trafikkulykke på Flaktveit
Foto: Richard Halland/Bergen Foto og Media

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no