Ferjepassasjerar må visa ID-papir
Frå klokka 8 må alle som skal reisa med ferje frå Tyskland, Danmark eller Sverige til Noreg visa gyldige ID-papir og eventuelt visum, både ved av- og påstiging. Også kontrollane ved vegovergangane frå Sverige i Østfold og Hedmark blir trappa opp i minst ti dagar.