Hopp til innhold

Fem tenåringar dømde for drap i Sverige

Fire gutar og ei jente i tenåra er dømde for drap eller medverknad til drap i Uppsala tingrett, melder Expressen.

Dei fem er dømde for å ha teke livet av ein mann ved henging i slutten av mars, etter at jenta hadde meld den drepne for valdtekt ein månad tidlegare.

Ein 19-åring er dømd til fengsel på livstid, medan to andre blir dømde til fire år i lukka ungdomsheim.

Jenta og kjærasten hennar er dømde til lukka ungdomsheim i tre år og seks månader for å ha medverka til drap.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no