Hopp til innhold

Får mRNA-vaksine som dose to

Regjeringa har bestemt at alle som har fått fyrste dose med AstraZeneca-vaksinen får tilbod om ein mRNA-vaksine som dose to. Det vil seie vaksinane frå Pfizer/Biontech og Moderna, som er dei mRNA-vaksinane som er i bruk i Noreg.

mRNA er ein ny type teknologi for vaksinar, og vaksinen frå AstraZeneca er ikkje ein slik type vaksine.

Om lag 135 000 personar i Noreg vart vaksinerte med AstraZeneca-vaksinen før det mellombels vart teken ut av koronavaksinasjonsprogrammet på grunn av skjeldne tilfelle av blodpropp blant vaksinerte.

90 prosent av dei AstraZeneca-vaksinerte er helsepersonell.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no